Vårstemningar

Aage Kvalbein, cello

Maren Myrvold, sopran

Marita Kjetland Rabben, piano

Trioen Kvalbein/Myrvold/Rabben har sett saman eit variert konsertprogram med norsk, fransk, spansk og amerikansk musikk. Kontrastar har stått sentralt i samansetjinga av programmet, som rommar heile kjenslespekteret; glede, sorg, latter, gråt og brennande kjærleik. Dei har lagt vekt på eit variert og breitt repertoar med norsk, fransk, spansk og amerikansk musikk – både større klassiske verk og eit utval songar og stykke frå vise- og tangorepertoaret.  Til dømes har dei innstudert delar av den relativt ukjende syklusen «Three songs op. 21» av Amy Beach, skrive originalt for besetninga vår. Dei har rearrangert stykke av bl.a. de Falla, Massenet og Fauré for alle tre instrument, og ein Bach-invensjon for cello og sopran. Kvalbein og Kjetland Rabben framfører dessutan første sats frå Griegs store cellosonate.

Dato

jun 03 2021
Utløpt!

Tid

7:00 pm - 9:00 pm

Kostnad

Entre kr. 200,-/skoleu. kr. 100,-.

Legg til kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *