Slingsby og kvinnene

Fjellsportmiljøet i Norge markerer Tindesportjubileum i 2026. Det er 150 år sidan førstebestigninga av Store Skagastølstind til den britiske pioneren William Cecil Slingsby. Ei mindre kjend side ved «Tindesportens far» i Norge , Slingsby , er rolla hans som støttespelar og forkjempar for kvinners deltaking i tindesport . Det var i ei tid då kvinner vart møtt med motstand og latterleggjering.
I foredraget «Slingsby og historiske klatrekvinner» fortel frilansjournalist Inge Kjell Holme om denne meir ukjende, men spennande sida ved Slingsby. Ein viktig «aktør» i foredraget er også kvinnepioneren Therese Bertheau frå Skjeberg/Kristiania som var nær «alliert» med Slingsby. I det visuelle foredraget, med mykje bilete og noko film, dreg Holme også linjer til nyare tid der kvinner har møtt motstand mot deltaking i idrett.
Inge Kjell Holme har arbeidd i 50 år som journalist. Primært for NRK, men også for Discovery og BA. Han har ei rekkje naturproduksjonar for NRK Natur- TV og radio bak seg.

  • 00

    dager

  • 00

    timer

  • 00

    minutter

  • 00

    sekunder